Kommentar

Når verda rundt oss forvitrar

I staden for å fokusere på det tekniske rundt Israels personsøkerangrep i Libanon, bør vi snakke meir om krigens langsiktige konsekvensar.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Verda har fått fleire krigar den siste tida. No ser vi to krigar som kan bli enno større, både krigen i Ukraina og krigen i Gaza og Libanon. Når Israel har gått inn i Libanon, kan det setje heile Midtausten i brann.

Morgonen etter personsøkarangrepet i Libanon, sykla eg til jobb med nyheiter på øyret. Eg kom inn i sendinga på eit dårleg tidspunkt. På Nyhetsmorgen på NRK satt programleiarane og fniste om kor gamal ein må vere for å ha hatt ein personsøkar. Det verka litt som om ein allereie kunne tulle med åtaket, kanskje fordi det var langt unna. Eg tviler på at dei hadde hatt den inngangen til saka om dette hadde vore eit terrorangrep i Oslo, Stockholm, Berlin eller New York.

På Gaza er det enno verre, matmangelen er skrikande og barn blir djupt traumatisert

I dagane etter åtaket var ordet spektakulært ein gjengangar i mange aviser. Det er jo naturleg at folk snakka om kva som skjedde med desse personsøkarane, fordi det var stort og ikkje likna på noko vi har sett før. Men det var noko med proporsjonane i fokus på teknikken, opp mot det faktum at dette var ein måte å angripe på som hadde store menneskelege konsekvensar. Åtaket var ikkje berre retta mot Hizbollah. Heilt uskyldige sivile blei ramma. Det var også eit stort steg mot å dra eit heilt nytt land inn i ein storkrig.

For ordens skyld høyrte eg gjennom resten av det dei sa om Libanon i morgonsendinga til NRK, når eg skulle skrive denne teksten, og det var både sakleg og grundig. Men den småfnisete seansen til programleiarane er eit urovekkande teikn likevel. Kanskje Libanon føles langt unna, at det er vanskeleg å ta inn kva som skjer for mange?

Dei siste vekene har eg tenkt ein del på noko som kanskje er banalt, men som har blitt klarare for meg enn før. Moderne krigføring øydelegg heile stadar. Det er ikkje berre folk som blir drepne, skada og må flykte, sånn som andre verdskrig for eksempel kom til uttrykk i Oslo. No er det heile byar, med infrastruktur og alt, som blir heilt borte. Den dagen freden kjem, må sivilbefolkninga starte heilt på nytt. Dei må bygge nye hus, møteplassar og få nye naboar.

Eit omgrep som dukkar opp i litteraturen om dette er urbicide – drap av byar. Ved å øydelegge eit byrom, mistar folk kulturell tilhøyrsle, felles møteplassar og identitet. I Gaza er godt over halvparten av bygningsmassen no blitt øydelagt gjennom det siste årets krigføring, ifølge tal frå FN. Sjølv om freden skulle kome i morgon, vil det vere ein monumental oppgåve å bygge opp igjen samfunn, bygningar og kvardagsliv som ein gong fantes. Ting vil aldri bli som før.

I fjor laga forskingsmagasinet «Apollon» frå Universitetet i Oslo eit spesialnummer om kva forsking kan fortelje oss om konsekvensane av krig. Det blei laga på våren, før nokon visste kva som skulle kome på Gaza. Likevel skreiv dei då at krig og konflikt på det tidspunktet truleg påverka fleire menneskeliv enn nokon gong sidan andre verdskrig. No er talet enno høgare. Artiklane er høgst aktuelle også no, over eit år seinare.

Forskinga viser oss at noko så gamaldags som svalt stadig oftare blir brukt som våpen i moderne krig. Dette skjer på fleire måtar. Ein ting er at krigføring i seg sjølv øydelegg matproduksjon. I Syria har dei for eksempel berre igjen 30 prosent av kveiteproduksjonen dei hadde før krigen starta. Konfliktar bryt forsyningsliner for mat. Samtidig rammar klimaendringane oftare dei delane av verda som er prega av krig og konflikt. Kyniske militære leiarar forverrar situasjonen. Konsekvensen er tomme magar.

Vassmangel kjem på toppen. Røyrsystema som gir folk vatn heime blir øydelagt. Og når folk flyktar kjem dei ofte til flyktningleirar som ikkje har reine toalett eller trygt vatn. Det gir sjukdommar og fører til at fleire barn døyr.

Med ein storkrig i Libanon, er det altså nok eit land som går inn i ein situasjon der dei har mykje å tape – individuelt og kollektivt. Folk i Libanon har reist frå hus, familiealbum, kler og trygge senger. Beirut blir fylt opp av folk på flukt frå israelske angrep. No møter mange ei uklår framtid i ein gymsal. På Gaza er det enno verre, matmangelen er skrikande og barn blir djupt traumatisert.

Når krig rammar, er det vanskeleg å ta inn alle nyansar og nyheitsoppdateringar, alltid. Det går ikkje. Mange av oss opplever allereie at det er tungt å gå med ein mobil i lomma som stadig minner om bilete og dyster statistikk frå krig og krise rundt omkring i verda. Men sjølv om det er vanskeleg, bør vi snakke meir om krigens pris. Ikkje berre på individuelt nivå, som det allereie er mykje dekning av, men også på eit kollektivt nivå.

Mykje av mediedekninga av kva som skjer i Libanon er god, for eksempel på Dagsrevyen, som har rapportert grundig kvar kveld i det siste. Det var likevel grunn til å stoppe opp då fokuset på personsøkar-mekanikk og Israels angrepsstrategi ei lita stund såg ut til å skygge over den menneskelege prisen av det som no skjer i Libanon. For krigens pris er så ufatteleg stor, at vi ikkje kan ta oss råd til å ikkje snakke om det.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen