Alle som les aviser om dagen, har vel fått med seg bileta av Elon Musk som står og svingar ei glinsande raud motorsag. Den har han fått låne av Argentinas president Javier Milei, som allereie har stått og svingt på ho ei stund. Beskjeden er tydeleg: No skal offentleg sektor få smake metallet. Nedskjeringa skal gå fort og med stor kraft.
Parallelt skjer det ei nedbygging av amerikanske institusjonar og amerikansk demokrati. Nokon av verdas beste universitet, som bidrar med forsking til glede og nytte for oss alle, er under eit sterkt press. Ytringsfridommen rundt likestilling blir strupa og nyleg blei ein student fengsla fordi han hadde demonstrert mot Israel. Viktige klimadata, som er globale fellesgode, ser ut til å kunne forsvinne, og klimaforskarar har ikkje lov til å snakke om heilt grunnleggande omgrep i forskinga si.
Frå dei amerikanske demokratane, som vi burde forvente ein tydeleg opposisjon frå, er det veldig stille.
Trump og Musk har allereie vist at dei er viljuge til å øydelegge infrastruktur innan bistand som reddar millionar av menneske frå krig, sult og sjukdom, utan å ein gong setje seg inn i kva konsekvensane vil bli.
Eg kunne nemnt langt fleire eksempel, om Gaza og Ukraina. Totalen i alt dei gjer er inhuman og brutal. Det er all grunn til å spørje kva som kjem neste gong.
Og ikkje minst må vi spørje: Korleis møter vi dette?
Ei god kjelde til lærdommar rundt korleis ein møter autoritære leiarar, er å lese tekstar frå folk som har levd under eller studert andre autoritære leiarar tidlegare. Ein av dei som er i denne kategorien er Masha Gessen. Journalisten budde i Russland frå 1994 og 2013 og har skrive om Putins reise i russisk politikk. No følger hen med på Trumps politiske ferd i USA.
Les også: Dag Solstad (1941-2025): Den skarpeste pennen vi hadde
Gessen skreiv nyleg i Klassekampen med uro om korleis den amerikanske politikken blir møtt med tidleg lydigheit. Folk i sentrale posisjonar lar seg undertrykke før dei må. Mark Zuckerberg endra Metas rutinar for faktasjekk for å gjere Trump nøgd, sjølv om han ikkje måtte. Amerikanske universitet har endra pensum av eige initiativ, fordi dei trur det kan auke sjansen for at dei får fortsetje undervisninga. Frå dei amerikanske demokratane, som vi burde forvente ein tydeleg opposisjon frå, er det også veldig stille.
Åtvaringa mot å vere lydig før ein må, har Gessen henta frå den amerikanske historikaren Timothy Snyder. Dei er begge inne på at det kan vere gode grunnar til at folk føyer seg, som å unngå at den autoritære leiaren gjer noko enno meir alvorleg i neste sving. At tidleg lydigheit sjeldan hjelper er likevel verdt å merke seg. For om ein ikkje står opp for prinsippa sine i starten av ei autoritær utvikling, er det ikkje nødvendigvis lettare å gjere det om eit år eller tre. Derimot kan det vere langt vanskelegare då.
Alle politiske leiarar veit at det å seie i mot USA no, er som å opne ein svart boks. Også for Noreg. Ein anar ikkje kva reaksjonen vil bli. Trump er uføreseieleg og hyperaktiv. To månader inn i sin presidentperiode har han allereie rukke å åtvare om tredje verdskrig. Likevel må alle som er opptekne av demokratiets framtid no tørre og orke å stå opp for våre grunnleggande verdiar. Også når det kostar.
Les også: Når mediene trengs som mest, er de på sitt svakeste
Det kan gi negative økonomiske og diplomatiske konsekvensar på kort sikt. Men likevel er det viktig på lang sikt. Det handlar om å vaksinere oss alle mot autoritære idear, og å vere mange nok som viser autokratane at dei ikkje kan gjere som dei vil.
For 20 år sidan trur eg at dei amerikanske bistandskutta åleine burde fått oss til å fylle Youngstorget med demonstrasjonar. USAs retrett frå klimapolitikken også. Nedsablinga av akademisk fridom og finansiering av universiteta i tillegg. Og strupinga av likestillingstiltak på toppen. Men no skjer alt på ein gong, og vi møter det kvar for oss på kvar vår smarttelefon. Det er så lite offentleg motstand mot Musk og Trumps politikk at kanadiske kaffibarar som har omdøpt kaffien sin frå «americano» til «canadiano» nærast ser ut som opprørets fortropp.
Sjølv om norske aviser i det siste har handla langt meir om toll og økonomi enn om demokrati, har eg likevel henta håp frå norske institusjonar som har sagt tydeleg i frå. 8. mars delte Universitet i Oslo ein video der kvinnelege representantar for universitetet åtvara mot utviklinga og forsvarte likestilling og den frie forskinga. Dei kallar det som no skjer i USA «skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg skummelt». Eit anna lyspunkt var likestillings- og diskrimineringsombodet, som no ettergår amerikanske selskap i Noreg for å sjekke at dei følger likestillingslova.
Eg skulle berre ynskje at vi såg fleire av desse reaksjonane, og gjerne frå fleire av våre toppolitikarar.
For no treng vi at fleire tør å heve stemma og seie klårt i frå: Det dei mennene med motorsag held på med for tida er skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg dårleg. Og seier vi det ikkje no, kan det bli enno vanskelegare å seie det i framtida.
Les også: Jeg vil ikke bo i et samfunn hvor mennesker har en pris, men ikke verdi