Smedane her smir ut reiskap og verktøy for bruk i det politiske ordskifte av tankegods og ideologi. Civita tankesmie leverer ofte reiskap av høg kvalitet til høgresidas politikarar og kommentatorar. Men i ordskiftet om kriminalitet i arbeidslivet har tankesmedane i Civita levert verktøy som ikkje duger og burde vore underkjent av meisteren i smia.
Civita argumenterer mot at kampen mot arbeidslivskriminalitet (a-krim) skal få høgare merksemd og større løyvingar frå det offentlege. Grunngjevinga skal vera at omfanget av a-krim ikkje aukar og at gransking av a-krim kan innskrenke borgaranes fridom. For å prove dette visast det til eit døme der borgarane i Trondheim vart uroa i middagen på restauranten Credo av inspektørar som etterforskar a-krim. Civitas konklusjon er at fleire tiltak mot a-krim er sløsing med borgaranes skattepengar.
Fair Play Bygg Oslo og omegn arbeider med å avdekke og stogge a-krim i byggjebransjen. Vi kan gje fleire døme på at huseigarar og eigedomsutviklarar i Oslos villastrok nyttar svart arbeid, sosial dumping og kriminelle til å finansiere statussymbol, oppussing og eplehageutbygging. Desse kriminelle driv ikkje berre med svart arbeid, men også anna kriminell aktivitet. Den som kjøper tenester av desse aktørane er dermed med på å finansiere kriminelle bakmenn. Profitten blir reinvestert i narkotika, trafficking og anna kriminell aktivitet.
Mindre kontroll og tiltak mot a-krim vil også råke dei verksemdene som ynskjer å drive lovleg. Privatmarknaden i Oslo for oppussing og småutbygging (ROT-marknaden) er i stor grad overtatt av verksemder som i beste fall kan kallast useriøse. Dette er konkurransevridande og sjølvsagt uheldig for den seriøse delen av byggjenæringa.
Tapet av skatteinntekter på grunn av svart arbeid, svindel og a-krim i byggenæringa er omfattande, men lite kartlagt. Fleire estimat reknar med at det er mange ti-tals milliardar i tap for stat og kommune. Auka tilskot til kontroll mot a-krim vil kunne betale seg godt, og vil ikkje vera «sløsing med skattepengar», tvert imot.
Men den største veikskapen med Civitas argumentasjon er at dei ikkje tek omsyn til problema a-krim fører med seg for arbeidstakarane som vert utnytta. Vi i Fair Play Bygg Oslo og omland høyrer historier frå bygningsarbeidarar som blir grovt utnytta, ikkje får løn, bur trongt i elendig og brannfarleg losji, utfører livsfarleg arbeid, må tilbakebetale løn eller feriepengar og blir møtt med trugsmål om vald mot seg sjølv eller familie dersom dei tystar på bakmenn. Dei verste tilfella må kallast tvangsarbeid og menneskehandel.
Den mørke baksida av arbeidslivet er prega av mafialiknande forhold. Kraftfulle tiltak trengs for å stogge og avdekke kriminaliteten i arbeidslivet. Om det betyr at gjestene på fine spisestader kan risikere å bli forstyrra i desserten eller får spørsmål om kvitteringar for oppussing av badet, må det vera ein liten pris å betale for å stanse kriminelle forhold i arbeidslivet.