Få debattar engasjerer og verkar så provoserande på mange, som debattar om det norske skriftsspråk. I 1885 vedtok det norske Stortinget at nynorsk og bokmål skulle vera sidestilt. Om målformene i dag verkeleg er det, kan nok diskuterast.
Laurdag 17. januar var det multimedie- og kulturredaktør Sven Egil Omdal i Stavanger Aftenblad som i ein kronikk tok opp temaet «Skal nynorskhatet være momsfritt?» Ikkje uventa har reaksjonane frå bokmålsfolket vore både mange og sterke. Omdal tek i sin artikkel opp temaet om det er rett at aviser som Aftenposten, Dagens Næringsliv, Dagbladet og VG skal ha momsfritak, samstundes som dei meir eller mindre boikottar eit av skriftsspråka våre. Aftenbladet er modige som våger å setja søkjelyset på dette temaet, i og med at majoriteten av det norske folk i dag nyttar bokmål som målform, vil tilbakemeldingar frå fleirtalet vera eintydige. Men det tyder ikkje at våre stortingsrepresentantar bør slå seg til ro med det resultatet. Skal ein arbeide for å få nynorskbruken opp, så må ein sannsynlegvis våge å ta tak i den debatten Aftenbladet reiser.
Dei norske dialektane og ikkje minst skriftsspråket vårt har utvikla seg opp gjennom hundreåra. Som ein liten nasjon i Europa, stod Noreg nesten ribba att for skriveføre personar etter Svartedauden på midten av 1300-talet. Frå 1500-talet blei det etter kvart det danske skriftsspråket som tok over etter vårt norrøne skriftsspråk. Då unionen med Danmark blei avslutta i 1814, var det difor ikkje så rart at ein i kampen om nasjonsbygginga igjen ynskja å få eit samlande skriftsspråk for heile landet. På den tida budde dei fleste menneska på landsbygda, og det var difor naturleg for Ivar Aasen å ta utgangspunkt i det språket som blei brukt der. I tillegg hadde dei fleste danske embetsmennene i Noreg hatt tilhaldstad i dei store byane, slik at talespråket der var meir prega av det danske språket. Nynorsken hadde difor dei første åra stor framgang i landkommunane, men også fleire sentrale område gjekk over til nynorsk. Men etter kvart som den store flyttestraumen gjekk frå landsbygda og inn til byane, så gjekk mange over til å snakka og skriva det som blei sett på som «fint» i byane. Frå byrjinga av 1900-talet har vi hatt fleire rettskrivingsreformar som har hatt til hensikt at nynorsk og bokmål skulle nærma seg kvarandre. Både rettskrivingsreformane i 1901, 1907, 1917, 1938 og 1959 hadde dette som mål. Dessverre fekk tanken om tilnærming eit tilbakesteg i reforma av 1981 då bokmålet tok eit steg bort frå tilnærminga, og innførte valfritt -en som ending på hokjønnsorda og -ene i fleirtal bunden form av inkjekjønnsord.
Mange som argumenterer mot nynorsk tek utgangspunkt i dagens situasjon. Det som er eit interessant moment i dei to skriftsspråka er korleis dei har påverka kvarandre. Bokmålet, som tok utgangspunkt i det skriftsspråket vi hadde etter dansketida har gjennomgått ei radikal endring. Ord og endingar som tidlegare hadde stor slektskap med det danske skriftsspråket, har i møte med nynorsken blitt endra, slik at det er mykje meir i tråd med talemål vårt. Men framleis er det slik at mange ord i bokmålet ikkje stemmer med den dialekten vi snakkar i Stavanger-området.
På same måten er det mange ord i nynorsken som ikkje lenger er i samsvar med dialekten i vårt område, og som difor har fått sideformer.
Målføre og målforma til den enkelte er ein del av den identiteten ein har. Difor skal ein ha respekt for både dei som ynskjer å skriva nynorsk eller bokmål.
Sjølv har eg ingen problem med å lese tekstar anten dei er på bokmål eller nynorsk, og sjølv om mesteparten av det eg tek imot av skriv er på bokmål, tykkjer eg det er gildt når eg får nokre offentlege dokumenta på nynorsk. Korleis enkelte klarer å mobilisere så mykje engasjement mot det eine skriftsspråket har eg vanskar med å forstå.
I Rogaland har eit fleirtal av dei kommunane som har valt målform nynorsk, og difor er vi språkleg sett eit nynorskfylke. Når enkelte krefter i det politiske miljøet i Stavanger ynskjer å avskaffa nynorsk som undervisningsfag i Stavanger-skulen, så vil eg påstå at dei gjer elevane våre ein bjørneteneste. Med dagens hjelpemiddel bør det vera enklare å tileigna seg både bokmål og nynorsk for elevane våre. Alle veit at å læra eit framandspråk krev god dugleik i grammatikk. Gjennom å læra skilnaden på endingane i nynorsk og bokmål, får mange sitt første møte med det å læra korleis eit skriftsspråk er bygd opp.
Eg skal ikkje konkludera om aviser som ikkje nyttar nynorsk burde vore fråteken retten til momsfritak. I staden vil eg heller reise problemstillinga av at Rogalands Avis, som i namnet sitt indikerar at dei er ei avis for Rogaland nesten utan unntak berre nyttar bokmål i reportasjane sine. Burde ikkje avisa prøve å skriva ein del av stoffet sitt på den målforma som er hovudforma i Rogaland fylke?
Eller er det berre Aftenbladet som er i stand til å kommunisera til lesarane sine på begge målformene?